mandag 15. februar 2016

Å LEVA, DET ER Å ELSKA



Å leva,
det er å elska
det beste di sjel fekk nå,

å leva
det er i arbeid
mot rikare mål å trå.

Å leva,
det er i livet
å finna det største verd;

å leva,
det er å vinna
til sanning
i all si ferd.

Å leva,
det er å leggja
all urett og lygn i grav;

å leva,
det er som havet
å spegla Guds himmel av.



Tekst: Anders Vassbotn
Melodi: Per Steenberg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar